Leirskule

Ny leirskule på Filefjell

På TyinFilefjell, heilt øvst i dalføret Valdres, ligg det eit fantastisk fjellområde der vi er i gang med å starte ein ny leirskule. Her har vi ekte fjellvèr med snøsikre vintrar og høge fjell i bakgarden og vi ynskjer difor å ta med elevane ut i den ville naturen i eit fantastisk leirskuleopphald. Vi tek no kontakt fordi vi ynskjer å utvikle ein leirskule som er akkurat det dykk, heimskolane og elevane, ynskjer, også er vi naturlig nok interessert i å høyre om dykk er på utkikk etter leirskuleopphald.

Kven er vi?

Dette prosjektet er eit samarbeid mellom Vang Kommune og Filefjellstuene, der Filefjellstuene står for dei fantastiske omgivelsane og kost og losji medan Vang Kommune stiller med pedagogisk personale og læringsinnhaldet. Med andre ord ligg alt til rette for å huse elevar som vil ha fine opplevingar i fjellet i lag med klassa si.

 

Vår pedagogiske visjon

«Små og store naturopplevingar som bidrar til livsmestring,
berekraftsforståing og demokratisk medborgerskap»

 

Bærebjelkane i vårt pedagogiske opplegg skal være dei tre tverrfagelige tema Livsmeistring, Berekraftig utvikling og demokrati. På Filefjell Leirskule skal vi gi elevane mestringsopplevingar og engasjement for naturen. Den flotte naturen i Vang kommune er en ypparleg læringsarena for naturopplevingar som sett varige spor. Elevane skal sjølv få undersøke korleis klima påverkar området, ta på forskarbrillane og leite etter teikn på menneskeskylde klimaforandringar, så vel som å argumentere for ulike standpunkt i klimadebatten.

Elevane skal ikkje berre bli utfordra fysisk, men også vurdere ulike utfordrande problemstillingar om alt frå vennskap og etikk til sosiale forhold og inkludering. Elevane skal i høy grad få kjenne på medbestemming og at deira bidrag i kvardagen er verdsatt, og gjennom dette reflektere over si eiga rolle i gruppa og i samfunnet. Elever som evner å sjå si rolle i fellesskapet utanfrå og også føler på at dei er verdsatt av fellesskapet vil oppleve motivasjon til å bidra, samt kunsten å tørre å vere sårbar når det er nødvendig. Elevane skal også sitte igjen med friluftsferdigheitar dei kan ta med seg og bruke i sitt nærmiljø på eigenhand. Veka på leirskule skal binde klassa tettare saman og bidra til å ruste dei for livet som kjem.